Tuesday, October 18, 2011

Det hende av og til då eg sto opp

Det hende av og til då eg sto opp
Eller då eg skulle dra gardinet frå
Ja, andre stunder på dagen med:
Eg fekk eit glimt av meg sjølv i spegelen
Eit skip drog forbi på fjorden
Langsamt, i vindusramma: livet mitt
Åsane blei, fjorden låg der,
hamna, torget, bilane på vegen
Det var ein heilt vanleg dag
Lik og ulik, slik dagane er
Det der dunkande og langsame
fylte synet. Det var eit sjokk
då alt var borte
Dette er ei glede eg forsøker å forklare deg
i desse linjene, som snart ikkje er meir

Tor Obrestad

No comments:

Post a Comment