Eg minnast dagar i
kvitsymreskogen
for lenge siden:
Kvitt, berre kvitt og kvitt.
Unge, mjuke hender
greip dei saftfulle stenglar,
plukka dei ein etter ein
heilt til hendene knapt
kunne femne dei alle.
Tok dei i hus
som ein kosteleg skatt
og ordna dei vakkert i
krukke og glas.
Men blomen bøyger hovudet djupt
og dei kvite krunblad
faldar seg om ei sorg
i det grøne auga.
Slik viste du meg blome
di sjel ein skinande maidag.
Laila Robøle Holtan
No comments:
Post a Comment